Når og hvor tok du bac'en?
Eg tok bac`en I 2007 I Rouen.

Hvor er du født og oppvokst?
Ølen

Hva gjør du nå?
No er eg praktikant ved den norske ambassaden i Beirut.

Hva har du gjort siden bac'en?
Etter at eg var I Frankrike har eg studert samfunnsøkonomi og arabisk språk. Eg går no på siste året på master i samfunnsøkonomi.

Hva har bac'en betydd for deg generelt?
Åra I Frankrike har vore veldig viktige for meg. Eg lærte meg godt fransk og fekk en smak på å vera i utlandet som har gjeve meg meir lyst til å reise ut også seinare. Fransk er eit heilt fantastisk språk som eg har fått mykje bruk for seinare i livet; både i studier og på feriar. I Libanon, der eg er no, er fransk eit offisielt språk og eg nyttar fransk kvar dag på jobb. Eg meinar at desse åra også har gjort meg mykje meir sjølvstendig enn det eg var før. Samtidig ser eg på Frankrike som mitt andre heimland og eg har blitt uhelbredeleg frankofil.

Det er vanskeleg å plukke ut eit enkelt godt minne, for dei er mange. Men eit spesielt godt minne er kjensla ein har når ein er 16 år ifrå ei lita bygd og reiser til Paris eller meistringskjensla ein får når ein presenterer ei scene frå eit teaterstykke av Pierre Corneille (som var frå Rouen) foran klassen. Mange minner knyt seg også til det sterke samholdet mellom dei norske elevane og flotte opplevingar med franske venner.